Melde inn arrangement

For å lage best mogleg store og små arrangement, er det viktig at alle som skal bidra med rom, eventuelt marknadsføring, mat, teknikk med meir - får vete om arrangementet så tidleg som mogleg. Meld det gjerne inn før alle detaljar er klare.

Bilder frå ulike arrangement

 

For å unngå kollisjonar, eventuelt samarbeide om eksterne føredragshaldarar og liknande, er det viktig å vete om arrangementet så tidleg som mogleg. 
Om du lurer på som er planlagt av andre, men kanskje ikkje offentleggjort enno, har vi laga ein intern delt Outlook-kalender under namnet "HiMolde arrangement". Om du ikkje veit korleis du legg til ein delt kalender, ligg det ein kort film nederst på denne sida som syner deg korleis. 
 

Gå til innmeldingsskjema

Vi understreker at det framleis er du som er ansvarleg for sjølve arrangementet, men du har gitt andre ein sjanse til å hjelpe til på ein betre måte.

Det tar deg nokre få minutt å fylle ut dette skjemaet, og vil spare både deg og Arrangørkorpset mykje tid, og eventuell frustrasjon.

Hva skjer etter at skjemaet er sendt inn?

"Arrangørkorpset" vil få ein e-post med informasjonen du har lagt inn. "Arrangørkorpset" er dei som ofte blir involverte i eit arrangement, som rombestilling, kantine, IT, trykkeriet, info- og markedsavdelinga, reinhald med fleire.  

Du får spørsmål om:
* Type arrangement / deltakarar
* Arrangør
* Rom-ønskje
* Tekniske behov
* Marknadsføring
* Mat

Om det er noko du ikkje veit svaret på i dag, kan det også være viktig informasjon for andre. Då brukar du "Veit ikkje"-knappen.

Alle spørsmåla må du på eit eller tidspunkt svare på, også der svaret er klart "nei, dette har vi ikkje bruk for...".

Til dømes er det viktig for kantina å vete om større arrangement sjølv om du ikkje skal bestille mat. Fleire folk på skulen er gjerne fleire folk i kantina.

Tidsfrister

Om det er mindre enn ei veke til arrangementet, er sjansen mindre for at vi kan levere tenester i samsvar med ditt ønske. 

Kva er eit "arrangement"?

I denne samanhengen er det alle samlingar som på eit eller anna vis treng assistanse, eller som andre bør vete om, og som ikkje står på den ordinære timeplana. 

 

Legg til den delte, interne "HiMolde arrangement"-kalender i Outlook

 

Av Rolf Magnus Orø
Publisert 5. jan. 2024 08:14 - Sist endret 20. feb. 2024 10:07