Disputas: Eli-Karin Sjåstad Åsebø

Fredag 6. oktober skal Eli-Karin Sjåstad Åsebø forsvare doktorgradsavhandlinga Exploring Contextual Stressors and Coping Strategies in Physical Education. A Case Study Approach.

Bilde av Eli-Karin Sjåstad Åsebø

Foto: Høgskulen i Volda / Vilde Moltudal Igland.

Eli-Karin Sjåstad Åsebø er høgskulelektor ved Institutt for idrett og friluftsliv i Avdeling for kulturfag på Høgskulen i Volda.

Avhandlinga hennar for doktorgraden i helse- og sosialfag utforskar korleis ungdomsskuleelevar opplever kroppsøvingsfaget, med særskild vekt på korleis elevane oppfattar stressande faktorar og bruker strategiar for stressmeistring. Funna i avhandlinga framhevar betydninga av gode sosiale relasjonar og av å skape positive, trygge læringsmiljø i kroppsøvingstimane.

  • kl. 10.15: prøveforelesing med temaet «Mangfald, inkludering og ekskludering – utfordringar i kroppsøvingsfaget?»
  • kl. 11.00: pause
  • kl. 12:15: disputas

Prøveforelesinga og disputasen går føre seg i Store auditorium i Berte Kanutte-huset.

Du kan også strøyme arrangementet her (direktesending).

 

Publisert 22. sep. 2023 09:12 - Sist endret 22. sep. 2023 09:12