Samtykke til å bruke foto/video/opptak

Når du skal publisere eller dele bilete eller film der personar er motivet, må du halde deg til personopplysningslova. Personen som har brukt/delt bileta eller filmen skal kunne dokumentere at eit gyldig samtykke er gitt. Samtykket skal vere frivillig, tydeleg og informert.

Samtykke ved bruk av bilete

Når du skal publisere eller dele bilete eller filmar der personar er motivet, må du halde deg til personopplysningslova. Den som har brukt/delt bilete eller film skal kunne dokumentere at eit gyldig samtykke er gitt. Samtykket skal vere frivillig, tydeleg og informert.

Nye personvernreglar krev i mange tilfelle dokumentert samtykke for bruk av bilete.

Bilete som krev samtykke

Dette er bilete der dei enkelte personane er hovudmotivet. Dersom du skal publisere slike bilete på nett eller dele dei med andre, må du ha samtykke frå den eller dei som er avbilda før biletet blir publisert. Dette gjeld også illustrasjonsbilete der "modellar" illustrerer ei reell situasjon (studie-, læringsmiljø osb.).

Samtykkeskjema skal fyllast ut av den som blir fotografert eller filma.

Framgangsmåte

Fotografen må hugse å ha ein lenkje lett tilgjengeleg for den som skal gje samtykke.

Samtykkeskjemaet blir fylt ut av den som blir fotografert eller filma.

Fyll også ut med e-postadressa til fotografen/den som skal publisere biletet for å lett kunne kople skjemaet og biletet saman.

Vedkomande tek også ein "selfie" som blir lagt inn i skjemaet for å kunne kople rett bilete med rett namn og skjema i etterkant. (selfien blir ikkje publisert, men er berre til intern kontroll for å vere sikker på at rett bilete er kopla til rett namn og skjema)

Her finn du samtykkeskjemaet 

Trykk på denne lenka eller scan QR-koden.

Trekkje samtykke

Kvar enkelt har rett til å be om å trekkje samtykket i etterkant ved å kontakte webmaster@Himolde.no.

Bilete som ikkje krev samtykke

Det finst nokre unnatak for skriftleg samtykke. Desse kan takast og offentleggjerast utan samtykke frå dei som er avbilda så lenge bileta ikkje er krenkjande for dei som er avbilda. Dette er bilete som

  • Har aktuell og ålmenn interesse
  • Situasjonen eller aktiviteten er det eigentlege motivet i biletet.
  • Akkurat kven som er med på biletet er då mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet.

Døme på dette kan vere ei gruppe menneske på ein konsert, eit arrangement eller hendingar som har ålmenn interesse. Personar som er ein del av arrangementet (underhaldning, talarar og så vidare) kan takast bilete av utan skriftleg samtykke.

Grensegangen mellom kva som er eit situasjonsbilete og kva som er eit portrett vil ofte vere eit definisjonsspørsmål. Innhent difor alltid samtykke viss du er i tvil.

Ønskje om skjerming

Enkelte personar må eller ønskjer av ulike grunnar å skjerme seg frå å bli tatt bilete av under arrangement som omfattar unnataksreglane.

Når det gjeld bilete frå arrangement som går inn under unnataksreglane for skriftleg samtykke, imøtekjem Himolde denne utfordringa så langt det let seg gjere, ved å informere om at det blir tatt bilete under arrangement. Personar som ikkje ønskjer å kome med på bilete, blir bedne om å gje beskjed til fotografen på ein tydeleg måte.

Dokumentasjon av samtykke 

Himolde er i ferd med å etablere ei ny løysing for lagring og tilgjengeleggjering av bilete. I denne løysinga vil digitalt signerte samtykkeskjema bli kopla saman med dei aktuelle bileta. Fram til dette er på plass, har dei som handterer bilete/video/lydopptak ansvaret for å lagre aktuelt materiale saman med signert samtykke.

Kontakt

For spørsmål knytt til personvern og samtykke, ta kontakt med Himoldes personvernombod.

E-post: personvernombud@himolde.no  

For andre spørsmål, kontakt Kommunikasjonsavdelinga
 

Nettredaktør marit.a.letnes@himolde.no

Informasjonsjef jens.p.straumsheim@himolde.no

Publisert 15. nov. 2023 13:22 - Sist endret 23. jan. 2024 13:09