Fjordkonferansen 2024

Fjordkonferansen 2024 vert halden i Loen 6. og 7. juni og me inviterer til ein tverrfagleg konferanse med temaet regional konkurransekraft. Dette er eit vidtfemnande tema som inneheld ulike aktivitetar eller tiltak som påverkar den økonomiske, sosiale, kulturelle eller demografiske utviklinga i eit område.   

Omtale av konferansen 

Les meir om heile Fjordkonferansen på https://fjordkonferansen.no/fjordkonferansen-2024/

Regional konkurransekraft kan definerast på ulike vis, alt etter fagtradisjon og problemstilling. Ein brei definisjon av omgrepet kan vera: Den evna ein region har til å betra leve- og livsstandarden i regionen.  

Dette inneber at graden av konkurransekraft i ein region er påverka av ressurstilgangen i vid forstand, som til dømes tilgangen på næringsareal, på arbeidskraft, på historiske og kulturelle verdiar i regionen, på fysisk infrastruktur, på helsetenester og på utdanning, forsking og fagkompetanse i regionen.  

Konkurransekrafta i ein region er óg påverka av korleis dei ulike ressursane vert kopla saman.  Dette gjeld utviklinga av innovative evner i arbeidsstyrken, teknologi i private og offentlege verksemder, dei organisatoriske evnene til tilsette og leiarar i privat og offentleg sektor og korleis produkta og regionen vert marknadsført.  

Konkurransekrafta til ein region vil og bli påverka av handlingane til offentlege og private verkemiddelaktørar.  

     

Publisert 13. mai 2024 09:25 - Sist endret 13. mai 2024 09:28