Difor bør du studere paramedisin på Høgskolen i Molde

Nytt studietilbud: Paramedisin har vore eit svært populært studium dei siste åra, og til hausten kan du studere dette også ved Høgskolen i Molde. Her får du vite kva ein kvardag som ambulansearbeidar kan vere, og om dette kan vere noko for deg.

To ambulansepersonell foran ambulanse på Molde Campus.

Fra venstre:Tommy Tornes og Åsmund Nygaard er ambulansepersonell og har begge sjukepleiarstudiet fra Høgskolen i Molde som ein del av fagbakgrunnen. 

Åsmund Nygaard er 26 år, fødd og oppvaksen i Molde, og tok sidan utdanning som sjukepleiar i same by. No jobbar Åsmund altså som ambulansepersonell her. 

– Det er ein veldig spanande jobb, du må like å jobbe med folk. Like å hjelpa andre. Det krevst at du må kunne halde ting under kontroll sjølv om det kan bli hektisk, utan å bli påverka av det. Ein må halde roa. 

Faktaboks om paramedisin: Første klull i 2014 ved Høgskolen i Oslo og Akershus (No OsloMet). I 2020 blei det klarar føringar for innhaldet i studiet og nasjonale krav til praksisstudium. I 2022 blei paramedisinar ein beskytta tittel med krav om ei treårig bachelorutdannign. Det er frå hausten 7 institusjoner som tilbyr utdanninga, inkludert Høgskolen i Molde. Høgskolen i Molde er den einaste utdanningsinstitusjonen som tilbyr dette studiet i Midt-Noreg.

Givande og variert yrke

Han fortel om ein svært variert kvardag i eit yrke som kjennast givande og meiningsfylt. Dei jobbar i par, to og to i bilen, på vakt saman. Nokre vakter har det gått eit heilt døgn med berre ein einaste tur. Men sist vakt var det så travelt at dei ikkje rakk å få av seg skoa mellom oppdraga. 

Når dei ikkje er på oppdrag, bur vaktlaga saman i ei leilegheit knytte til stasjonen. Dei bur og tenkjer som om dei er heime. Her kan dei kopla av og gjera andre ting; dei et, trenar, søv. Men alltid med eit ekstra blikk på radioen. Åsmund fortel at han er vand til det no, etter halvtanna år i teneste. Men i starten var det vanskeleg å unngå å vera spent:

– Då eg byrja var eg veldig spent då eg gjekk og la meg, og bråvakna på natta om nokon ringde. Eg stod midt på golvet før eg var ordentleg vaken!

Fra mottaket til først på staden

Åsmund vart nysgjerrig på eit yrke innan ambulanse først etter å ha jobba som sjukepleiar i akuttmottaket. Han ser ikkje bort frå at paramedisinar-utdanning kunne vore eit godt alternativ for han då han skulle velja utdanning, men det var altså å ta i mot pasientar som trigga lysta til å jobbe enda tettare på.

Åsmund Nygaard gjekk fra å jobbe som sjukepleiar på akutten til blålys og utrykning i ambulansetjenesten.   

– Eg ville sjå meir! Vere med ute der det skjedde! 

Åsmund fortel at du må raskt finna ei tilnærming som passar kvar enkelt pasient for å gjera ein best mogleg jobb ute på oppdrag. Dette krev forståing for menneske, og er ein stor del av jobben. Du må kunna gjera ei tidleg undersøking og vera grundig utan å verka for påtrengjande. Klarer du dette, å vera tydeleg og konkret med informasjon og i handling, vil pasienten oppleva å vera i trygge hender.

Høgskolen i Molde har ein lang tradisjon med å tilby utdanning i helsefag, og har hatt sjukepleiarutdanning sammanhengande sidan 1958. I tett samarbeid med helseforetaket utdannar vi sjukepleiarar i Molde og Kristiansund. No er høgskulen glad for å kunna tilby paramedisin som eit nytt tilbod. 

Slik søker du paramedisinstudiet på Høgskolen i Molde

Om studiet 

Bachelor i Paramedisin er ei 3-årig profesjonsutdanning.Tittelen paramedisinar er ein beskytta tittel i Noreg, og bachelorgrada i paramedisin gjer grunnlag for å søkja denna autorisasjonen. 

Opptakskrav

  • generell studiekompetanse eller realkompetanse
  • bestått fysisk test
  • gyldig førarkort klasse B (personbil) seinast innan 1. juli, som er fristen for ettersending av dokumentasjon.

De som får opptak til Paramedisin må i tillegg levere politiattest for å få lov til å gjennomføre studiet.

Standardiserte fysiske testar blir holdt ved alle lærestader som tilbyr bachelor i paramedisin i Noreg. Søkjarane er sjølv ansvarlege for å melda seg opp til den fysiske testen.

Fysisk test kan takast på:

  • Høgskolen i Molde
  • NTNU
  • Høgskolen i Østfold
  • OsloMet
  • UiS
  • UiT
  • Nord Universitet

Dato for test blir annonsert i løpet av våren 2024 og alle søkjarar får informasjon om kvar dei melder seg på testene.

Det er koordinering av testresultat mellom alle institusjonane som tilbyr utdanninga. Per i dag blir denne felles lista administrert av OsloMet.

(Saka fortsett etter bilete)

Ung mann og ung kvinne klare til utrykning foran en ambulanse med åpne dører.

Gode jobbmoglegheiter no og i framtida

Studiet er særs aktuelt og framtidsretta. Etter endt utdanning kan du arbeide i ambulansetenesta, og i andre delar av helse- og omsorgstenesta som medisinsk nødmeldeteneste, akuttmottak, legevakt, kommunal akutt døgneining eller Forsvaret, mellom anna.

Etter endt bachelorutdanning i paramedisin kan du også gå vidare og ta master- og doktorgrad.

Analysar peikar mot ein stor oppdragsvekst fram mot år 2030, som vil utfordra beredskap og ressurstilgjengelegheit.

Dette kan forklarast med mellom anna

  • befolkningsvekst
  • at fleire eldre lever lenger med samansette kroniske sjukdomsbilete
  • sentralisering av legevakter, færre heimebesøk og redusert mobilitet for legevaktlege
  • Spesialisering av sjukehus og økt funksjonsfordeling med fleire overføringar mellom ulike behandlingsnivå

Helseforetaket svært glade for nytt studietilbud

Helse- og sosialfaga på høgskulen er svært nært knytta opp mot yrkeslivet, og Helse Midt-Norge har vore pådrivar for det nye studietilbodet.

- På vegne av Helseforetaket og den prehospitale familien i Midt-Norge er vi svært glade for at Høgskolen i Molde tilbyr paramedisinstudiet. Dette har vært eit felles mål både for arbeidsgiver og dei ansattes organisasjoner. Vi har også fått signal fra høgskulen om at det planlegges et tilbud for ambulansearbeidere som allerede jobber i vår tjeneste, noe som også er svært ønsket, seier Lars Erik Sjømæling, klinikksjef for pre-hospitale tenester i Helse Møre og Romsdal. 

- Om du ynskjer eit spanande yrke innen den akuttmedisinske kjede, og der ditt bidrag kan utgjøre en forskjell er paramedisin et studie dere absolutt bør vurdere, fortsetter han.

Ole Kristian Brones Berg, førsteamanuensis, avdeling for helse- og sosialfag.

Ein av dei fagansvarlege er Ole Kristian Brones Berg, førsteamanuensis i helsefag. Han har jobba lenge ved sjukepleiarutdanninga på Høgskolen i Molde og leier arbeidsgruppa for nasjonal deleksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi for sjukepleierstudentar, i tillegg har han bakgrunn frå forsvaret.

Det nye studietilbodet er blitt oppretta på forespørsel frå helseforetaket, grunna det store behovet Noreg står overfor. 

- Dagens struktur, innhald og dimensjonering av ambulansetenesta er ikkje utforma til å dekkje det auka behovet i åra framover, og det hasta difor med å starte eit målretta arbeid for nødvendig tenesteutvikling. Paramedisin ved Høgskolen i Molde vil spela ei viktig rolle i dette arbeidet, avslutter Brones Berg.

Kontaktperson

Førsteamanuensis i helsefag Ole Kristian Brones Berg

Les meir

Lær meir og søk paramedisinstudiet på Høgskolen i Molde

Les meir om behovet for helsepersonell i framtida: Tid for handling — Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgstjeneste - Noregs offentlege utgreiingar (NOU 2023: 4)

Det er mange søkere og begrenset antall plasser på paramedisinstudiet. En annen mulig vei inn til å jobbe i ambulanse er via sykepleie. Du kan studere sykepleie både i Molde og Kristiansund. 

 

Emneord: paramedisin, ambulanse, nytt studium, prehospitale tjenester Av Yngve Hustad Reite, Aksel Sandvik
Publisert 5. feb. 2024 15:43 - Sist endra 19. apr. 2024 09:40