Dom avsagt i sak mot staten og Høgskolen i Molde

Ein student gjekk til sak mot staten etter å ha blitt utestengd frå Høgskolen i Molde i eitt år grunna fusk. Dom i saka kom denne veka og den konkluderte med at studenten hadde samarbeidd ulovleg med ein medstudent på heimeeksamen.

Studenten var ueinig i at dei hadde samarbeidd, og meinte også at vedtaket i Felles klagenemnd var ugyldig då nemnda var ulovleg samansatt.

Studenten fekk ikkje medhald i Oslo tingrett for nokon av desse punkta og dom vart avsagt måndag denne veka. Retten kom til at utestenging i to semester var ein rett reaksjon.

Høgskolen i Molde tek domen til vitande.

Domen er ikkje rettskraftig, då studenten enno har ikkje bestemt seg for om hen vil anke domen.

Les meir: Student tapte fuskerettsak nesten 30 setninger var identiske (khrono.no, 17.01.2024)

Publisert 17. jan. 2024 15:58 - Sist endret 18. jan. 2024 14:46