Johan Holmgren tek over som dekan ved Avdeling for logistikk

Johan Holmgren tiltrer som dekan frå og med måndag 10. januar.  Stillinga er på åremål og varer i 4 år.

Bilete av professor Johan Holmgren

Johan Holmgren tiltrer som dekan ved Avdeling for logistikk. Foto: Arild J. Waagbø

Johan Holmgren kjem frå stilling som professor ved same avdeling og er gitt permisjon frå denne stillinga i dekanperioden.

Nettavisa Panorama omtalte dekanstillinga etter styremøtet i desember.

Leiarskiftet ved avdelinga skjer alt frå måndag 10. januar av.  Då overtek Johan roret frå Judith Molka-Danielsen. Men sjølv om ho då takkar av som dekan vil ho likevel forsette i høgskulens leiergruppe, i kraft av vervet som viserektor for forsking.  I tillegg til stillinga som dekan og vervet som viserektor har ho også fungert som prorektor i ein periode.

- Vi er svært takknemleg for alt arbeidet Judith har lagt ned for HiMolde og ynskjer ho lukke til vidare og ynskjer samstundes Johan velkomen som dekan, seier rektor Steinar Kristoffersen.

Publisert 8. jan. 2022 20:55 - Sist endret 8. jan. 2022 20:55