Borten Moe aukar ramma til HiMolde med 26 millionar

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe presenterte statsbudsjettet for 2023 under eit foredrag på Høgskolen i Molde i dag. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Høgskolen i Molde frå 312 millionar i 2022 til 338 millonar i 2023.

Ministeren og rektoren med følgje.

Ministeren besøkte Molde Campus og Høgskolen i Molde i forbindelse med framlegginga av statsbudsjettet for 2023. Foto: Jan Ragnvald Eide, HiMolde.

I ei tid der regjeringa varslar strammare budsjett med mindre oljepengebruk og kutt i fleire sektorar, leggjast det opp til ei vidareføring av forsking og ein realvekst innan utdanning.

Auka kostnadsramme for studentbustader

Det var knytt ein del spenning til kva for nyheiter statsråden ville komme med under besøket sitt i Molde. Første del av besøket vart lagt til studentbustadene på Molde Campus og  treffstaden “Mellomrommet”.  Her kunne Borten Moe fortelje at regjeringa foreslår å auke kostandsrammen til bygginga av nye studentbustader frå ca. ein million pr. hybel i dag til 1.450 millionar pr. hybel i 2023. Det betyr at fleire nye bustader vil kunne få statsstøtte.

Ola Borten Moe presenterer statsbudsjettet
Statsråd Ola Borten Moe presenterer regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023 på Molde Campus. Foto: Jan Ragnvald Eide, HiMolde.

Etter å ha møtt tilsette og studentar ved studentsamskipnaden og høgskulen fekk ministeren ein guida tur på campus av rektor og direktør. Første stopp var på studenthyblane på Molde Campus. Deretter gjekk turen innom det nyoppussa simulerings- og ferdigheitssenteret for sjukepleie- og vernepleiestudentene i B-bygget.  

Bilde av Borten Moe og Stefi Løkhaug Myrbø
Høgskulelærar Stefi Løkhaug Myrbø på simulerings- og ferdighetsenteret presenterte noko av det studentane skal meistre ved akutte hendingar. Foto: Jan Ragnvald Eide, HiMolde.

Gjesteforelesing med framlegging av statsbudsjettet

Ministerbesøket vart avslutta med ei gjesteforelesing i store auditorium på høgskulen, kvar han presenterte regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023, med vekt på høgare utdanning og forsking.

Sjølv om UH-sektoren vil få noko betre rammevilkår i neste år, er det òg verdt å merke seg nyheita om at regjeringa foreslår å fjerne ordninga med gratis utdanning for utanlandske studentar og i prinsippet innføre skulepengar for studentar utanfor EØS og Sveits.

Borten Moe holder gjesteforelesning
Statsråd Borten Moe presenterte regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023 under ei forelesing på Høgskolen i Molde. Foto: Jan Ragnvald Eide, HiMolde.

>Du kan sjå heile forelesinga og budsjettframlegget i opptak her

Publisert 6. okt. 2022 15:52 - Sist endret 13. okt. 2022 09:00