Starter gjenopninga av campus

Fredag 16. april startar gjenopninga av Noreg.  HiMolde følgjer opp med å lette på tiltak og sakte opne opp for studentar og tilsette igjen.

Bileta av HiMolde.

HiMolde opnar opp for stundentar og tilsette igjen.

Frå og med 16. april startar første trinn i regjeringas plan for gjenopning av landet, og det er i høve denne planen at beredskapsteamet ved HiMolde har konkretisert kva som gjeld for studentar og tilsette i Molde og Kristiansund.

I første rekkje betyr dette at dei strenge tiltaka som vart innført 25. mars vert reversert, og at det igjen er mogleg for studentar og tilsette å koma på campus.

Les meir om dei konkrete tiltaka her:

https://www.himolde.no/om/aktuelt/oppdatert-om-koronaviruset/2021/forste-steg-i-gjenapning-ved-himolde-%E2%80%93-fra-og-med-16-april 

 

Publisert 15. apr. 2021 08:59 - Sist endret 15. apr. 2021 08:59