12 millionar til forsking på forebygging av partnarvald

Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde har, i samarbeid med Politihøgskolen, Krisesentersekretariatet og Oslo universitetssykehus fått gjennomslag for ein søknad om 12 millionar kroner frå Noregs Forskingsråd. Prosjektet handlar om avverjing av partnarvald og skal gå over fem år.

Professor Stål Bjørkly og professor Solveig Bø Vatnar (bildet) skal saman med professor Kjartan Leer-Salvesen ved HiVolda forske på partnarvald og korleis den kan avverjast.

Professor Kjartan Leer-Salvesen ved HiVolda og professorane Solveig Vatnar, og Professor Stål Bjørkly ved Høgskolen i Molde har gått i bresjen for prosjektet og søknaden saman Oslo universitetssykehus, Krisesentersekretariatet og Politihøgskolen. Totalt har prosjektet fått ei totalramme på 41,8 millionar kroner. 

Dekan Heidi Haavardsen ved Høgskolen i Molde og Avdeling for helse- og sosialfag er begeistra og stolt over arbeidet som er har lagt ned i denne søknaden og tildelinga 

- Dette er en stor anerkjennelse til fagmiljøet og de involverte forskerne. Det var meg bekjent 1694 søknader på disse midlene i år – 199 søkere har fått innvilget midler til sine prosjekter,  skriver Haavardsen i en e-post til høgskolens ledelse og ansatte.

Prosjekt over 5 år

Mandatory Reporting of Intimate Partner Violence er namnet på prosjektet som skal ha oppstart 1. august 2021 og halde fram i fem år. 

Leer-Salvesen, Vatnar og Bjørkly skal saman med kollegaene forske på partnarvald og profesjonsutøvarar si plikt til å avverje partnarvald. Dei skal studere tilsette i barnevernet, politiet, krisesenter, legar, sjukepleiarar og psykologar, og også sjå på kva desse tenker om   sitt ansvar og andre aktørar sitt ansvar for å avverje partnarvald. Forskarane vil studere både valdsutøvarar og valdsoffer sine erfaringar med avverjeplikta.

– Det er aldri forska på avverjeplikt i forhold til partnarvald  i Europa tidlegare, og internasjonalt har det aldri blitt sett i gang eit så stort forskingsprosjekt på liknande tematikk, fortel Solveig Vatnar og Stål Bjørkly.

Frå prosjektsøknaden:

MANREPORT-IPV er et tverrfaglig forskningsprosjekt som tematiserer profesjonsutøveres avvergeplikt i møte med partnervold. Prosjektet vårt er et svar på en sentral samfunnsutfordring. I Norge er partnervold definert som et folkehelseproblem som har omfattende helsemessige og samfunnsøkonomiske konsekvenser. Prosjektet vårt involverer tjenesteforskning og undersøker det horisontale samspillet (jf. programplan kap. 3.3) mellom seks profesjoner i helse-, sosial- og justissektoren som har nøkkelroller knyttet til både å forebygge eller å respondere på partnervold. Videre undersøker vi hvilke holdninger og erfaringer to grupper hjelpesøkende (voldsutsatte og voldsutøvere) til avvergeplikt i forhold til partnervold.

Høgskulen i Volda er prosjekteigar og har prosjektleiinga, medan Høgskolen i Molde er samarbeidspartnar til prosjektet.

Les heile pressemeldinga frå HiVolda her.

Publisert 17. des. 2020 12:16 - Sist endret 17. des. 2020 12:16