Skal skape meir liv og røre på campus

Med 2, 5 millionar frå Kunnskapsdepartementet og 2,5 millionar frå eiga lomme skal HiMolde modernisere og vitalisere dei felles vrimleområda i høgskulebygga.

Sammen skal dei bidra til å skape meir liv på campus.  Frå venstre: Sindre Pedersen (Frp), Britt Janne Tennøy (H), Inger Cecilie Frisvoll (Krf), Steinar Kristoffersen (rektor, HiM), Kjell Vatne (V), Heidi Hogset (prorektor, HiM), Gerd Marit Langøy (direktør, HiM), Pål Farstad (V) og Randi Gammelsæter (økonomi- og personaldirektør, HiM).

Foto: Jens Petter Straumsheim

Høgskolen i Molde søkte departementet om penger til å modernisere vrimlearealea. Torsdag blei tildelinga offentleggjort, og lokale representantar frå dei fire regjeringspartia møtte då høgskulens leiing for å markere at Kunnskapsdepartementet og HiMolde set i gang moderniseringsprosjektet til 5 millionar.

Høgskoledirektør Gerd Marit Langøy fortel at målet for prosjektet er å skape attraktive fellesareal som kjem alle til gode.  Det er tenkt arbeidsplassar egna for sjølvstudium, gruppearbeid eller rekreasjon i A-bygget, og utvida funksjonalitet for eksisterande studieplassar i B-bygget..

– Det er mange i auditoria på høgskulen, men gangane er ofte tomme, sa Gerd Marit Langøy under fotosamlingen i 90-meterskogen i A-bygningen i morges.

Prosjektet startar i år og skal fullførast i løpet av 2020.

 

Publisert 10. mai 2019 08:29 - Sist endret 13. mai 2019 08:29