Publiser & les-avtaler for 2023

Endeleg er det einigheit i forhandlingane mellom Sikt og Wiley om avtale for lesetilgang og open publisering for 2023. Dermed er 6 av 6 av avtalene HiMolde ynskte/bestilte for 2023 om lesetilgang og open publisering no i orden.

Les meir om dei enkelte avtalene og kva for tidsskrift som er inkludert (dei fleste er det).

Du finn ei oversikt over kva for tidsskrift som er inkludert open access-/open publisering og lesetilgang gjennom dei ulike Publiser- & les-avtalene i lenkene over, ved å gå inn på openscience.no

Finn artiklar/tidsskrift frå dei ulike leverandørane, samt eit stort utval e-bøker/artiklar/tidsskrift m.m. ved å søke i Oria, eller ved å gå til databaselista på biblioteket si heimeside.

Hugs at du må bruke Høgskolens VPN-løysing for full tilgang til e-ressursane tilgjengeleg via biblioteket dersom du ikkje oppheld deg på campus.

 

10.05.2023

Publisert 10. mai 2023 09:35 - Sist endret 10. mai 2023 09:35